'; Torgeir Holmgard Valle | Klimahusets endringseksperiment
Syklande biologistudent med ei forkjærleik for korttidsprosjekter som dette. Heldt på med eit liknande prosjekt før eg flytta til Brasil og falt tilbake til gamle kjøtetersyndar.
Min utfordring
Ete mindre fisk/kjøt (maks 43dager i veka)

Dag +2: Challenge successful

Siste dag av utfordringen gjekk med på juleølsmaking med Kristianiastudentenes Haandbryggerlaug på Chateu Neuf. Då klokka hadde tikka forbi midnatt kom det julebordsrester frå eit anna arrangement inn til oss og det var berre å forsyne seg. Ribbe i lompe tilrås på det sterkeste, sjølv om det ikkje naudsynlegvis er det mest bærekraftige alternativet.

Sjølv om utfordringa er ferdig, kjem eg ikkje til å slutte å kutte ned kjøttmengden. Noko av det beste med mindre kjøtt i kvardagen er at det blir som eit lite festmåltid kvar gong sjansen byr seg no.

Takk for reisen!

Dag 25: Ei helg med mykje kjøt

Hytteturen førre helg gjekk ikkje som planlagt. Mykje av mathandelen var allereie unnagjort, og det var kjøpt inn kjøt til tacofredag for fleire personer enn dei som til slutt kunne bli med. Restene gjekk med i pizza til laurdagen, og framleis var det meir kjøtdeig til overs. I tillegg kjøpte me inn pølser til grilling for gåturen vår. Eg skulle til å ymte fram eit ønskje om vegetaralternativ før eg trakk meg. Kjente på litt ubehag ved å vere ein pølsefestbrems. På sundagen omfavna eg nederlaget og slengte litt resteskinke på frukostpannekaka i tillegg til å spise nuggets på bilturen heim. Det var litt deilig å gi opp.

Freista ikkje å skrive om det på plattformen etterpå, så det blei berre utsatt oppi all eksamenslesinga. Denne veka har derimot stått i stor kontrast, kor eg kun har kjøtt på måndagen og fiskegrateng på onsdag (pluss rester på torsdag). Det er mykje enklere når eg et åleine.

Sidan mat ofte er ein veldig sosial greie speler dei sosiale normene ganske sterkt inn på utfordringa mi (og dei fleste andre her i gruppa). Det er også grunnen til regelen min om at på besøk hos andre kan eg spise kva som helst. Då blir det enklere. Hyttetur er derimot litt gråsone, og der trur eg det er lurt å planlegge for at kjøtdagene blir haldt av til turen.

Dag 16: Tidkrevjande handel

Ein av tingene eg har starta med er å ta tiden til bruk når eg skal kjøpe meg noko nytt. Spesielt når eg ikkje har mykje peiling på tingene eg skal kjøpe. Då går eg inn på finn.no og søker etter brukte varianter.

Etter mykje leiting, finning og feiling har eg omsider fått meg både klatresko og stormkjøkken for mindre enn 200 kr! Stormkjøkkenet mangler kaffekjele, men den er det ikkje sikkert eg kjem til å få bruk for heller. Om eg kjenner på savnet kan eg alltids klikke meg inn på finn.no sidan.

Dag 11: Småsuksess

Denne veka hat gått bra! Ingen av måltidene eg laga sjølv innehaldt verken kjøt eller fisk. På tirsdag kom eg heim sliten og sulten. Då hadde syster mi satt fram nokre lasagnerester og mykje salat med ein koseleg lapp på kjøkkenbenken til meg (som vist på biletet over).

Neste kjøttmåltid var omelettrester med skinke eg blei servert hos ein kamerat. Til slutt blei eg møtt med eit ferdig laga tacomåltid på fredag då eg besøkte ein kamerat i Tønsberg. Som rosinen i pølsa blei kameraten med på å kjøpe vegetarisk take away på lørdagen!

Einaste skår i gleda er at det blei tre dagar med kjøt istadenfor minst ein dag med fisk. Det skal planleggast betre for komande veke. Då skal eg på nok ein helgetur, og må legge inn nokre ønskjer for menyen.

Eg er også blitt inspirert av Gunhilds første utfordring til å auke meditasjonsmengden min per dag, og implementerer det i utfordringen min framover.

Kjempespanande og inspirerande å lese dei andre deltakaranes erfaringer og refleksjoner!

Dag 6:

Dag 1 og 2 blei det juksa litt, då eg spiste opp leverposteien før eg dro på helgetur, og to overskuddswraps som viste seg å innehalde kjøt og fisk. Eg tenker det er betre å spise opp maten enn å kaste den, så får eg berre planlegge betre framover denne månaden.

Utanom det har eg haldt meg kjøttfri sidan start, og det har gått veldig fint. Eg var på tur til Lofoten med utenlandsstudentar, og ikkje den einaste som spiste kjøtfritt. Også ein liten seier at resten av reisefølget blei med på litt kjøttfrie måltider.

Reisen resulterte også i mykje fly og bilkjøring. Eg redder ikkje verden med eit så stort forbruk av drivstoff på ein enkelt helg, men det var den einaste måten å reise på som var oppnåeleg for gruppa.

Er slike helgeturar i det heile tatt mogleg å gjere på ein berekraftig måte? Kanskje Lofoten er ein stad som berre kan reisast til når ein har god tid?