'; Ei helg med mykje kjøt | Klimahusets endringseksperiment
Syklande biologistudent med ei forkjærleik for korttidsprosjekter som dette. Heldt på med eit liknande prosjekt før eg flytta til Brasil og falt tilbake til gamle kjøtetersyndar.
Min utfordring
Ete mindre fisk/kjøt (maks 43dager i veka)

Dag 25: Ei helg med mykje kjøt

Hytteturen førre helg gjekk ikkje som planlagt. Mykje av mathandelen var allereie unnagjort, og det var kjøpt inn kjøt til tacofredag for fleire personer enn dei som til slutt kunne bli med. Restene gjekk med i pizza til laurdagen, og framleis var det meir kjøtdeig til overs. I tillegg kjøpte me inn pølser til grilling for gåturen vår. Eg skulle til å ymte fram eit ønskje om vegetaralternativ før eg trakk meg. Kjente på litt ubehag ved å vere ein pølsefestbrems. På sundagen omfavna eg nederlaget og slengte litt resteskinke på frukostpannekaka i tillegg til å spise nuggets på bilturen heim. Det var litt deilig å gi opp.

Freista ikkje å skrive om det på plattformen etterpå, så det blei berre utsatt oppi all eksamenslesinga. Denne veka har derimot stått i stor kontrast, kor eg kun har kjøtt på måndagen og fiskegrateng på onsdag (pluss rester på torsdag). Det er mykje enklere når eg et åleine.

Sidan mat ofte er ein veldig sosial greie speler dei sosiale normene ganske sterkt inn på utfordringa mi (og dei fleste andre her i gruppa). Det er også grunnen til regelen min om at på besøk hos andre kan eg spise kva som helst. Då blir det enklere. Hyttetur er derimot litt gråsone, og der trur eg det er lurt å planlegge for at kjøtdagene blir haldt av til turen.