'; Småsuksess | Klimahusets endringseksperiment
Syklande biologistudent med ei forkjærleik for korttidsprosjekter som dette. Heldt på med eit liknande prosjekt før eg flytta til Brasil og falt tilbake til gamle kjøtetersyndar.
Min utfordring
Ete mindre fisk/kjøt (maks 43dager i veka)

Dag 11: Småsuksess

Denne veka hat gått bra! Ingen av måltidene eg laga sjølv innehaldt verken kjøt eller fisk. På tirsdag kom eg heim sliten og sulten. Då hadde syster mi satt fram nokre lasagnerester og mykje salat med ein koseleg lapp på kjøkkenbenken til meg (som vist på biletet over).

Neste kjøttmåltid var omelettrester med skinke eg blei servert hos ein kamerat. Til slutt blei eg møtt med eit ferdig laga tacomåltid på fredag då eg besøkte ein kamerat i Tønsberg. Som rosinen i pølsa blei kameraten med på å kjøpe vegetarisk take away på lørdagen!

Einaste skår i gleda er at det blei tre dagar med kjøt istadenfor minst ein dag med fisk. Det skal planleggast betre for komande veke. Då skal eg på nok ein helgetur, og må legge inn nokre ønskjer for menyen.

Eg er også blitt inspirert av Gunhilds første utfordring til å auke meditasjonsmengden min per dag, og implementerer det i utfordringen min framover.

Kjempespanande og inspirerande å lese dei andre deltakaranes erfaringer og refleksjoner!